lørdag 26. oktober 2013

Folven sykkelfestival 2013

Skal ein få oppmerksomheit og folk til bygda for å sykle er det ikkje noko som fungerer så godt som ein liten festival. Terrengsykkelforumet si første "Utflukt" i 2002 satte Skeikampen på kartet som ein av dei betre plassane for høgfjellsykling. Fjørå stisykkelcamp har gjort Sunnmøre synonymt med bratt teknisk topptursykling av ypperste klasse. Felles for begge desse og fleire andre arrangement er at dei starta i det små. Vi var 30-40 deltakarar første året utflukt vart arrangert, idag er det betydeleg større....

I haust inntok 40 sti og utforsyklistar Folven for å få ein smak av kva vi kan tilby i Stryn. Eg trur arrangørane traff blink. 

Topplatået på Gryta.


Folven sykkelfestival vart satt igang av Fred Syversen og Tommy Aslaksen etter at dei såg potensialet som låg i området rundt Folven Camping. Med eit sommarskisenter som slit med besøk og lite snø er det viktig for Folven å sjå etter alternative aktivitetar for å fylle campingen.

Tommy og Fred tok av seg guidinga rundt Folven. meir om det kjem i ein post litt seinare. Eg fekk i oppdrag å vise dei tilreisande stiane rundt Stryn sentrum. Laurdag starta roleg med 6 syklistar på Gryta, ein topptur med variert terreng og god utsikt.

Bubergskaret

Flyt i Skisenterstien

Søndag avslutta festivalen med tur til Holvatnet, heile 35 syklistar var samla på Tonningsetra, klare for flytsti. Sannsynlegvis ny rekord.

Kjapp info på Tonningsetra før bakkane tek til.

Eit ytterst sjeldant bilete av undertegna på sykkel. Første stiparti Holvatnet

Bittelitt oppovercruxing til oppvarming

Bortovercruxing i Vikalida
Tilbakemeldingane etter helga var positive og ei ekstra vitamininnsprøyting for vidare arbeid med stisyklinga i Nordfjord. Neste år blir det sykkelfestival på Folven både vår og haust, til da skal vi ha enda meir sti å vise fram.... 

Hald deg oppdatert på Folven camping si heimeside. Her kjem det info om kommande arrangement.

Sjølvaste primus motor, Tommy Aslaksen. Foto: Thomas Olafsen Skogsaas




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar