Stisykling i Nordfjord

Bre og ski er nok kva dei fleste forbind med Nordfjord. Stisyklinga i området har til no vore ei godt gøymd perle i skyggen av mykje omtalde stiar på Sunnmøre. Dette betyr ikkje at kvaliteten på stiane og naturopplevingane er noko mindre i dette området. 
Inspirert av jobben som er gjort på Indre Sunnmøre og på Nesbyen ser eg at det er på tide å dele stiane med andre.

Topptur på Gryta, Skåla i bakgrunnen

Med sin varierte natur har Nordfjord noko å by på for dei fleste som likar seg best på sti. Sykling på vestlandet blir naturleg nok forbunde med bratte toppturar der ein må trille til topps. Ein stor del av stiane er naturleg nok av denne typen men det er og mykje meir. Både Stryn og Sandane har flatare område som lignar meir på syklinga på Austlandet og gjer utfordringar og til dei som vil halde seg på sykkelen så mykje som mogleg.



Med denne bloggen ønskjer eg at fleire skal få augene opp for det varierte terrengetn og  ta turen til Nordfjord for å oppleve stiane og naturen tett på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar