torsdag 12. juli 2012

Sandane stibonanza! Måndagsturen.

Sjølv om vermeldingane ikkje var berre positive blei måndag og tysdag satt av til mange kilometer sti på Sandane. Til vestlandet å vere er terrenget, særleg på nordsida av fjorden, overraskande flatt. Dette gir moglegheiten for lengre turar med mykje god stisykling.



Måndag gjekk turen til Svinestranda. Sandanes nest viktigaste "byfjell", nest etter Veten. Her får ein mange gratis høgdemeter takket vere vegen opp til Austreimsstøylen. Etter nokre høgdemeter trilling startar nedturen like under toppen av Veten. Denne dagen dessverre ikkje over tåka.


Austafæring på vestlandssti

Stifinneren himself, godt med høgdemeter igjen
Turen er ei god blanding av bratt, småteknisk høgfjellsykling, barsti, og avsluttas med nydeleg svasti heilt nede ved Kleivedammen.


Nesten nede på Austreimsstøylen



Toppen av kransekaka....

Meir info om stien og ruta finn du under "Stiguide Sandane" Sjå etter stien med namn Svinestranda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar