tirsdag 21. mai 2013

OBS varsel Stryn, alternativ sti Skisenteret - Vik

Pågrunn av vatnkraftutbygging mellom Tonningsetra og Vik er delar av den klassiske skisenterstien mellombels øydelagd. Eg tenkte det var på sin plass å minne om alternativa, som forøvrig ikkje står noko tilbake for originalen..... 

Frå Tonningsetra kan ein sjølvsagt køyre grusveg ned til skisenteret, alternativt er Vestsida Enduro eit fint substitutt. Den finn du her: Stiguide Stryn

Vil du ha ein kortare tur har eg logga eit alternativ som tar ein rundt problemområdet nedanfor Hydla, og som gjer at du går glipp av minst mogleg moro. Stien startar i svingen nedanfor skisenteret og er enkel å finne, GPS spor finn du her


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar