mandag 10. september 2012

Haust og ny sti....

Veret og kvardagen har i redusert tida på sykkelen i det siste men nokre stiar har eg klart å logge. Først og fremst stiar som er kjende for oss Stryningar men som kan vere vanskelege å finne for dei som ikkje er kjende. 

Nokre overraskingar ligg og på lur sjølv om ein har sykla i området i lengre tid. På ein kveldstur for eit par veke sida fann eg ut at eg skulle teste ein ny sti som eg har sett på lenge. Denne går frå Tverrfjellet og følgjer ein svarygg rett ned mot lysløypa, parallelt med barkeløypa mellom Hydla og Tverrfjellet. Den er ikkje lang men går på berg omtrent heile vegen, dette gjer den til eit fint substitutt for stien mellom Tonningsetra og Hydla som er øydelagt for augeblikket.

Den er og ein del av ein sti eg har vald å kalle Vestsida Enduro, ei rute med mykje nedover men som og har eit par tre parti med jobbing i motbakke og flatare terreng. Ei ypperleg enduroløype altså...

Eg har og logga ei rute nærmare sentrum(Sentrumsruta) som er godt egna no når dagane blir kortare og det er på tide å finne fram hovudlykta. 

Begge disse rutane finn du her: Stiguide Stryn