tirsdag 2. juni 2015

Oppdatering av stiguidar

Har eit ønske om å gjere det lettare å finne fram både på stiane og i bloggen. Har i det siste lagt ut mange av stiane i området på trailguide.no. har no såvidt begynt å oppdatere stiguidane her og. Alle nye stiar vil bli lagt inn her med link til trailguide.no

Stiguide Stryn er først ute.

tirsdag 21. april 2015

4 plass: Scottish Mountainbike Conference 2014

Eg er så heldig å få jobbe litt med den aktiviteten eg likar best. Gjennom Terrengsykkelprosjektet i Nordfjord fekk eg i haust moglegheiten til å delta på Scottish Mountainbike Conference 2014. Ei lita oppsummering frå denne konferansen finn du her:

Artikkel Scottish Mountainbike Conference

Mykje tekst men noko matnyttig kan det vere for dei som interesserer seg kva som skal skje vidare med terrengsykling i Norge.

Å få sykle rundt i Glentress med Hans Rey var heller ikkje feil.....


onsdag 11. februar 2015

Forsinka oppsummering av 2014.....

Årskavalkadar kjem gjerne like før jul eller like etter nyttår så dette er nok litt seint. Her er uansett mi topp 5 liste for 2014. Eit begivenhetsrikt år på sykkelfronten. Vi startar med 5 plassen.

tirsdag 3. juni 2014

Stivettreglane, til for å brukast....

NOTS (Norsk organisasjon for terrengsykling ) har laga stivettreglar for oss syklistar, formålet er å oppmode til fornuftig bruk av ein felles ressurs, utmarka vår. Vi er heldige i Norge som har allemannsretten og ei friluftslov som ikkje legg band på aktivtet i fjell og skog. Desse er prisgitt at alle brukarar er istand til å oppføre seg i henhold til den og ta vare på dette privilegiet.

Nye brukarar i naturen vil skape konflikter, eksempla på dette er mange. Alt frå surfarar og kitarar til terrengsyklistar opplever at deira aktivitet blir møtt med skepsis. Denne skepsisen er det berre vi som utøvarar av aktivitetane som kan gjere til skamme, eller gjere oss fortjent til........

Les stivettreglane under og gjer det du kan for å dele desse med andre.


Stivettreglene


Det å ha flotte stier å sykle på er ikke en rettighet, men et privilegium. NOTS ønsker at du tenker over hvordan du kan ta vare på stiene du ferdes langs, slik at stiene kan være til glede for alle, år etter år.

Husk også at du deler stiene med ikke-syklister. NOTS oppfordrer deg til også å tenke etter hva du kan gjøre for at de du møter på din veg skal oppleve terrengsykling som et positivt innslag i friluftslivet.

I denne sammenheng foreslår NOTS følgende retningslinjer for sti-vett:

1. Vær omtenksom og hyggelig i møte med turgåere.
2. Du har alltid vikeplikt for fotgjengere.
3. Begrens farten slik at du ikke er til fare eller ulempe for andre, særlig langs veier og stier som innbyr til høy hastighet, eller i uoversiktlige partier.
4. Brems ned til gangfart i god tid før du passerer andre på en smal sti.
5. Ikke lag nye spor. Dersom du ikke har ferdigheter til å forsere en hindring, gå av sykkelen.
6. Unngå å sykle på spesielt sårbare stier like etter perioder med mye nedbør.
7. Ikke lag stien bredere ved å sykle utenom vanndammer eller hindringer.
8. Bær sykkelen gjennom myrområder slik at det ikke dannes dype spor.
9. Ikke lås bakhjulet i bratte nedoverbakker.
10. Dersom to syklister møtes i en bakke, har den som sykler oppover forkjørsrett.

I tillegg har eg laga nokre egne "satt på spissen" reglar:

torsdag 29. mai 2014

Oppdatert GPS spor og rutebeskriving Holvatnet

Mange henvendingar angåande stiar i Stryn i det siste, Holvatnet - Sentrum er den som skil seg ut og den eg oftast sender folk til. Såg behov for nokre rettingar og litt betre beskriving av ruta. Tok turen idag og logga nytt GPS spor. No har eg skikkeleg GPS så da skal det bli meir nøyaktig og enklare på følge ruta. Klikk på linken: GPS Spor Holvatnet og eksporter til din egen GPS. Fungerar muligens på smartphones og.......

Robin Berglid får luft under hjula.....



tirsdag 15. april 2014

Alternativ påskeaktivitet

Sjølv om det slett ikkje er dårlege forhold for tradisjonelle påskeaktivitetar blir sykkelen fort prioritert over skia her til gards. Første finversdag blei godt utnytta på Sandane med litt stiplukking på Vereide. Vått men slett ikkje ille....

På veg opp frå Nordfjord Folkehøgskule

tirsdag 1. april 2014

The never-ending season....

For dei utan ein sykkel i boda har nok dette vore ein smått skuffande vinter. Eg høyrer sjølv til gruppa som gleder seg til ski og snø, men i år blei ikkje ting heilt som planlagt. Med unntak av nokre veker i november og eit par veker no i mars har sykkelføret vore betre enn skiføret her på Nord-Vestlandet.

Dagens tur, faktisk ein av dei mest snørike i år.....

Men for eit sykkelføre! Aldri har vel stiane på denne sida av fjellet vore tørrare enn i vinter. Vanlegvis er barfrosten etterlengta kvar haust som eit avbrekk frå regnbyger og mudfest på stiane. I år fikk vi ikkje behov for den ein gong. Knusktørt og temperaturar på rett side av null, for oss syklistar iallefall, har gjort denne vinteren til tidenes sykkelvinter. Rapportane om Strava banking og nye KOMs har dukka opp like tett som dei vanlegvis gjer midt på sommaren. 

Kanskje er til og med grunnlaget såpass at ein kan lure seg med på ein liten konkurranse denne sommaren...... http://80twentyenduro.wordpress.com/


Selfie....

Det ligg i lufta at det blir ein stor sykkelsesong i Nordfjord. Nye stiar skal oppdagast og mykje nytt folk skal bli kjende med dei vi allerede har oppdaga.

Meir om det i neste post......