Stiguide Sandane

1. Svinestranda

Dette er ein lang stitur med mykje variert terreng. Lokal helt Pål Kristian Gimmestad skal ha all æra for å ha rydda og sydd saman denne turen etter mykje tid på leiting etter stisnuttar. Ein del tekniske crux men og myyyykje fin flytsti.


Lengde: 16 km
Stigning: 778m
Høgdemeter nedover: ca 1200.
Varighet: 3-4 timar

På veg ned i skoggrensa.

Sjølve stien startar på parkeringa til Austreimsstøylen. Dit kjem ein ved å køyre E39 forbi Sandane sentrum og ta av til Fjellbygda. Ta av til høgre i første kryss, rett fram i neste. Etterkvart kjem du til eit gardstun med ein bomveg, denne går til Austreimsstøylen. 

Følg godt merkt rute til Svinestranda, lønner seg ikkje å dra sykkelen med forbi platået før toppen. Stien følgjer same rute ned igjen, ta ikkje av ned til bilane følg stien inn til Austreimsstøylen. Sykle over setervollen, men ikkje over elva. I enden av setervollen finn du ein sti ned langs elva. Følg denne ned til grusvegen. 

Her blir det ei kort klatring på grus, cirka 100m forbi krysset til Austreimsstøylen tar ein utydeleg sti av til høgre. Følg denne til Holvikestøylen, over setervollen til ei nedblåst bjørk. Her fortsett stien sørover. Etter 500 meter blir stien brattare, følg med på høgre side der det etterkvart går av ein sti. Følg denne ned til traktorveg. 

Følg traktorvegen oppover til det flatar ut, her tar etterkvart stien av til høgre. Følg denne til grusvegen. Herfrå må ein følgje grusvegen nokre høgdemeter nedover, etterkvart vil stien ta av til venstre ned mot Leirstøylen. Frå leirstøylen er stien mykje brukt og enkel å følgje. Når du kjem inn på grusvegen følgjer du denne 50 meter før stien bryt av til høgre før siste strekket ned til Kleivedammen.

GPS logg Svinestranda



2. Dimma - Åsebøvatnet - Vereide

Ein av dei flataste stiturane i området. Folkehøgskulen har lagt mykje arbeid i siste delen som går gjennom granfelta mellom Føleide og Vereide.


Lengde: 11 km
Stigning: 300m
Høgdemeter nedover: ca 500.
Varighet: 2-3 timar


Køyr E39 forbi Sandane mot Eid, ta av vegen på Vereide, skilta til Føleide og folkehøgskulen. Følg grusvegen til Føleide, der den bikkar ned mot fjorden tar bomvegen til Dimma av, følg denne til parkeringa.  

30 meter forbi parkeringa tar stien av til venstre, følg merkinga gjennom støylen på Dimma og vidare opp mot Åsebøvatnet. Stien går jamnt oppover heile vegen til Åsebøvatnet. Følg same veg tilbake ned til Dimma.

Nede på grusvegen igjen tar du no til venstre opp bakken. Etter nokre hundre meter tar ein traktorveg av til høgre følg denne til endes ved ei hytte. Her fortsett stien over langhamrane mot Føleidsstøylen. God flyt og fart. 

Like før støylen har folkehøgskulen merka ny sti, følg merkinga som tar av til venstre.

Vidare traverserar stien over Føleide. Noko trilling må reknast med, men ikkje meir enn at avslutninga er vel verdt det. Etter kvart kjem du inn på ei hogstflate der du ser rett ned på Føleide, her har folkehøgskulen rydda bratte tekniske serpentinar oppover for å vinne høgde. Er du i overkant god form er det nok mogleg å sykle desse heilt opp.

På toppen av hogstfeltet går stien inn i tett granskog. Her er det ikkje sti i utgangspunktet, ver obs på at stien er utydeleg, følg merkinga. Etter ein god bit med barsti treff du ein skogsveg, kryss denne og følg med på venstre side, her går stien litt opp igjen før rosinen i pølsa kjem i avslutninga. Stien endar no heilt nede ved E39

Tips: Er du grusallergiker anbefalast det å parkere ein bil nede på Vereide og køyre ein annan opp til Dimma. Klatringa opp for å hente bilen på Dimma er seig.....





3. Tystadstøylen - Kleivedammen (Støylsrunden)


Lang flat stitur via mange av støylane på nordsida av fjorden. Teknisk parti mellom Eidsstøylen og Rysskleivvatnet men avsluttast med fantastisk flytsti frå Rysskleivvatnet til Kleivedammen.

Lengde: 16 km
Stigning: 617m
Høgdemeter nedover: uvisst.
Varighet: 2,5-3,5 timar

Frå E39 tar du av til Fjellbygda, følg vegen forbi gardane på Alme, etter nokre meter på grus tar bomvegen til Tystadstøylen av til høgre. Følg merking opp til Tystadstøylen og parker på parkeringa ved enden. 

Turen startar med trilling opp til Tystadstøylen. Frå steinbordet tar du til høgre gjennom støylsmarka, stien mot almestøylen kryssar bekken litt nedanfor husa. Herfra er stien tydeleg til Almsstøylen. stien fortsett i austenden av støylsmarka men er noko utydeleg herfrå til Vambesetstøylen. Frå vambesetstøylen går stien nedover til den treff grusveg i overkant av Haugsstøylen, følg grusvegen ned til du kjem inn på asfalt/vegen opp til skistadion.

Følg vegen heilt opp til skistadion og følg løypa mot Åstjønna. Løypa går over i sti vest for Åstjønna følg denne til venstre og kryss grusvegen. partiet mellom grusvegen og Gloppestadstøylen er særs vått men kan syklast. Føl stien i overkant av Gloppestadstøylen og mot Austreimsstøylen. Kryss steinbrua og ta til høgre ned langs elva.

Her blir det ei kort klatring på grus, cirka 100m forbi krysset til Austreimsstøylen tar ein utydeleg sti av til høgre. Følg denne til Holvikestøylen, over setervollen til ei nedblåst bjørk. Her fortsett stien sørover. Etter 500 meter blir stien brattare, følg med på høgre side der det etterkvart går av ein sti. Følg denne ned til traktorveg. 

Følg traktorvegen oppover til det flatar ut, her tar etterkvart stien av til høgre. Følg denne til grusvegen. Herfrå må ein følgje grusvegen nokre høgdemeter nedover, etterkvart vil stien ta av til venstre ned mot Leirstøylen. Frå leirstøylen er stien mykje brukt og enkel å følgje. Når du kjem inn på grusvegen følgjer du denne 50 meter før stien bryt av til høgre før siste strekket ned til Kleivedammen. 





4. Veten

Kortare sentrumsnær tur med alt frå rask barnålssti til tekniske bratte lirkebakkar.


Lengde: 9 km
Stigning: 512m
Høgdemeter nedover: 512.
Varighet: 2 timar

Frå E39 tar du av ned mot Sandane sentrum, ta første veg til høgre under ein overgang. Følg denne opp til grusveg som tar av opp til venstre. Parker oppe ved vanntanken/Kleivedammen.
Turen opp følgjer grusvegen i starten, sykle forbi lunneplassen, herifrå går stien paralellt med vegen, valfritt om ein følgjer stien eller vegen opp. vel du vegen følgjer du den opp til første kryss her tar du til høgre over elva og inn på stien.
Videre er stien godt merka, hold høgre i første stikryss og følg stien til merking for naturreservat. Innenfor Kolebakkane naturreservat er det ikkje tillatt å sykle så ver så snill å snu her.

Ned igjen samme veg, men like før ein kjem ned til lunneplassen kryssar stien vegen. her vel du stien ned, eit fantastisk flytparti avsluttar turen.



5. Haugsvarden

Av alle stiane på Sandane er denne å rekne som klassikeren, godt med høgdemeter, god flyt og fantastisk utsikt gjer dette til ein tur i toppklasse.



Lengde: 12 km t/r
Stigning: ca 700 m
Høgdemeter nedover: ca 700.
Varighet: 3-4 timar


Dette er ein typisk topptur, ein kan velge å gå fra bunn av stien ikkje langt frå Nordfjord folkehøgskule eller ein kan køyre høgare opp i lia, via Fjellbygda med start ved Tystadstøylen. Eg vel å beskrive ruta frå Fjellbygda. 

Med utgangspunkt i E39 tar ein av opp mot Fjellbygda. Følg vegen til du treff grusvegen, etter nokre hundre meter tar vegen opp mot Tystadstøylen av til høgre. Om du parkerer her eller køyrer heilt opp avheng av om du vil sykle heilt ned til gården Skor. Stien frå støylen ned til gardane er bratt og utsatt for erosjon vis hensyn til ver og andre brukarar. 

Frå parkeringa ved Tystadstøylen føl du stien opp gjennom støylen og opp på snaufjellet, i første stuikryss etter at det har flata ut tar du sien til venstre.

No rundar stien Høgfjellet på sørsida, følg ikkje stien ned til Lomvatnet, stien er blitt mykje tydelegare dei siste åra pågrunn av at det har vore ein topptur post på Haugsvarden. Vel oppe ventar ein kvil og same ruta ned igjen til bilen.

Før i tida brukte vi å følgje stien frå Skor heilt ned til Vereide, etter Dagmar er ikkje denne like super som den var før. den kan framleis syklast men kanskje bør vi unngå for mykje trafikk gjennom gardstunet.

3 kommentarer:

  1. Hei
    Var ein tur på Haugsvarden i går. Starta ved E39, syntest det var lite spor og sjå av sykkel i stien.
    Noko som e fekk forklart etter på, at er grunna at grunneier ikkje like at ein nytta den nedre delen.
    Da tenker e at hadde vore fint om ein endra teksten til at ein bør starte og ende turen ved parkeringa med Tystadstøylen.
    mvh Guttorm Kleppe

    SvarSlett
  2. Hovedgrunnen til lite spor er vel først og fremst at antalet stisyklistar i Nordfjord ikkje er spesielt stort. Eg har ikkje høyrt om konflikter på nedre del men skal ta det til etteretning. Vil uansett endre teksten om nedre del, nedanfor gardane. Her har Dagmar gjort stien mindre attraktiv for oss som syklistar. Da kan vi og unngå ferdsel gjennom tuna til folk, det er ikkje eg så glad i... Eg vil ikkje fraråde folk å bruke stiane, heller oppfordre til sjølv å tenke gjennom korleis ein brukar dei. Til sjuande og sist er det allemannsretten alle brukarar av stiar og utmark må ta hensyn til.

    SvarSlett
  3. Grunneigarar er først og fremst opptekne av partiet frå parkeringa nedanfor Tystadstøyle, opp forbi støylen og vidare opp til Haugsvarden. Nedanfor parkeringa (skogsstien ned til Vereide) er det ingen som seier noko om.

    Her må vi som bur her ta eit tak og lage ein alternativ veg for sykling som går sør for støylsområdet. Vi kan eventuelt oppdatere Halvard.

    SvarSlett