torsdag 26. juli 2012

Førstenedkjøring?

Etter å ha jobba på Storesunde skule i tre år var det på tide å gjere seg kjent i nærområdet. Skihella er ein mykje brukt tur for dei som bur i området, om dei har tenkt på å sykle der før er vel heller tvilsamt.... Dårleg kvalitet på bileta skyldast utstyret(telefon), ikkje fotografen.

Delar av stien var ikkje så aller verst.

tirsdag 24. juli 2012

Gryta, effektiv topptur i Stryn


Første del frå toppen er flat, det går fort over. Bilete frå ein tidlegare tur.

Løftar du blikket og ser mot nord når du står i Stryn sentrum ser du sannsynlegvis opp på Gryta. Toppen kan nok reknast som Stryn sitt byfjell. Med plasseringa så nært sentrum er det ein populær topp å ta turen til. Dette gjer at stien opp er godt egna og for oss syklistar. 

fredag 20. juli 2012

Sandane stibonanza! Tysdagsturen.

Denne dagen gjekk turen lenger ut mot Anda. På Vereide ligg Nordfjord folkehøgskule kanskje betre kjent som friluftslivsskulen. Etter Dagmar som herja nordvestlandet i romjula tok dei ansvar og rydda det som kanskje er den mest komplette stituren i området.





torsdag 12. juli 2012

Sandane stibonanza! Måndagsturen.

Sjølv om vermeldingane ikkje var berre positive blei måndag og tysdag satt av til mange kilometer sti på Sandane. Til vestlandet å vere er terrenget, særleg på nordsida av fjorden, overraskande flatt. Dette gir moglegheiten for lengre turar med mykje god stisykling.



søndag 8. juli 2012

Då er vi igang! Med ei aukande interesse for stisykling og fleire forespørslar var det på tide å ta nokre grep for å gjere det enklare for stihungrige syklistar her i området. Med denne bloggen har eg som mål å samle flest mogleg sykkelruter i Nordfjord. Fokus vil vere på reine stiturar, enten det er toppturar eller flatare variantar. Alt frå skog til høgfjell.


Arbeidet med å logge rutene er godt igang. og nye ruter vil bli publisert fortløpande. Fokuset vil i første omgang vere stiane på Sandane og i Stryn av den enkle grunn at det er her vi har kommet lengst i utforskinga. Etterkvart vil vi og forhåpentlegvis finne perler i andre kommuner, Eid og Hornindal er gode kandidatar.


Målet er å lage gode stiguidar i tekst saman med GPS loggar av rutene. Dette vil gjere det enkelt for tilreisande å finne fram. Til no er det mogleg å sjå rutane på googlemaps. Målet er å legge ut gps spora som GPX filar slik at det blir mogleg å laste rutene ned på GPS. Dette blir forhåpentlevis mogleg iløpet av kort tid.


Første sti i Stryn er lagt ut allereie, denne finn du under fana Stiguide Stryn. 

Vårsti på Sandane

Meir vårsti på Sandane