torsdag 26. juli 2012

Førstenedkjøring?

Etter å ha jobba på Storesunde skule i tre år var det på tide å gjere seg kjent i nærområdet. Skihella er ein mykje brukt tur for dei som bur i området, om dei har tenkt på å sykle der før er vel heller tvilsamt.... Dårleg kvalitet på bileta skyldast utstyret(telefon), ikkje fotografen.

Delar av stien var ikkje så aller verst.



Litt snoking på norge i bilder og utspørjing av lokalkjende tyda på at dette var ein sti som kunne vere verdt tett under 1000 høgdemeter sykkelskuving.
Alt frå tett sko til høgfjell på denne turen
Med ein sugande motbakke på grus til å begynne med blir ein god og varm før stien tek til. Dette er ikkje noko ein syklar opp. Typisk vestnorsk trilletur.

Snuplass og kvileplass ved Skihellevatnet
Nedturen er absolutt verdt turen opp for dei som liker ei utfordring. Teknisk krevjande sti med lange parti med stein som krevjer sin mann. Særleg over tregrensa ligg utfordringane i kø. Lenger nede er det meir jord og flyten aukar. 

Stein er det absolutt

Dagens tur var knusktørr. Regnfulle dagar bør ein nok finne seg ein anna tur. Dette blir såpeglatt når det regnar og er såpass bratt at det sannsynlegvis blir i meste laget for dei fleste. Tørre dagar er nok opp imot 95 % av stien mogleg å sykle nedover for dei med gode tekniske ferdigheiter. Absolutt ikkje nokon nybegynnertur.


Meir info om rute finn du under Stiguide Stryn Sti nr 3.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar