Stiguide Hornindal

1. Ytrehornsetra

Lengde: 7 km.
Tidsbruk: 1.5 timer
Høgdemeter: ca 500



Særs bratt sti best egna for utforriggen. Garantert gloheite bremsar. Ikkje anbefalt på blaute dagar.

Rute: 

Starten på stien finn du enkelt, ta av mot Otterdal i krysset midt i Grodås sentrum, følg vegen forbi krysset merka Lødemel. Ta neste veg til høgre og følg denne til du ser merka sti ta av til venstre opp bakken. Herfrå følgjer du enkelt og greit stien opp, ta deg tid til å planlegge linjene du skal ta på veg ned igjen.

Oppe på setra kan du gå nokre meter til opp forbi setervollen, her er stien fin ein liten bit men å gå lenger enn første myra har ikkje noko hensikt. Følg same ruta ned igjen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar