Stiguide Stryn



1. Holvatnet - Sentrum

Lengde: 16 km

Tidsbruk: 2-3 timar

Dette er å rekne for ein av klassikarane i Stryn. Området blei omtalt i bladet terrengsykkel for mange år sidan og er ei mykje brukt rute. Særleg nederste del frå skisenteret med mykje kjapp singletrack på tørr skogbotn er ei perle.

Stryn mange stihøgdemeter lenger nede. 

Beskriving av turen og GPS fil til nedlasting finn du her: Rutebeskriving og GPS-spor, trailguide.no



2. Gryta

Lengde: 15 km

Tid: 2-3 timar

Høgdemeter oppover: 1000 frå sentrum, same ned igjen.


Turen på Gryta er ein typisk stitopptur, trilling og bæring må reknast med for å komme på toppen. Ned att er 99% syklande for dei med god teknikk og lite vett. Cruxet ligg like over Bøasetra og består av mykje stor stein i bratt lende.


På veg ned til Bubergskaret 
Beskriving av turen og GPS fil til nedlasting finn du her: Rutebeskriving og GPS-spor, trailguide.no



3. Sentrumsrunda Stryn

Sentrumsnær tur som ofte er tidleg fri for snø. Stiar i barskogen som tål mykje regn utan at det blir mykje spor. God blanding av flyt og småteknisk terreng.

Beskriving av turen og GPS fil til nedlasting finn du her: Rutebeskriving og GPS-spor, trailguide.no

4. Erdalen

Lengde: 17 km

Tid: 3-4 timar

Flott stitur inn i ein av dei flottaste dalane i Stryn. Overraskande flat sykling til Vestlandet å vere og majestetisk natur. Flott sykling for den litt vante stisyklisten. Innerste del byr på bratt teknisk nedoversykling, men ut dalen er det flyt for dei aller fleste.

Beskriving av turen og GPS fil til nedlasting finn du her: Rutebeskriving og GPS-spor, trailguide.no


5. Skihella

Lengde: 16 km

Tid: 2-3 timar

Høgdemeter: 968m


Denne turen er ein teknisk krevjande topptur med ein del stein. Ein del høgdemeter går på grus medan den øvre delen er ei blanding av fast jordbunn og steinete høgfjellsti.







Ruta:


Mindresunde ligg oppe i Strynedalen. For å komme deg dit køyrer du Rv15 frå Stryn sentrum 8 km til du kjem til krysset til Flo. Køyr 500 m mot Flo og du passerer ei lita bru, her startar den merka stien opp til Skihella. Følg grusvegen opp til Innigardsetra. Her startar stien like ovanfor setra. Ruta opp seier seg sjølv. Ned igjen følgjer same rute.


Alternativ rute ned:


To svingar nedanfor Innigardsetra tar ein traktorveg av til høgre, (mot elva) Følg denne til endes og vidare på sti nokre høgdemeter opp igjen. Etterkvart kjem du inn på tydeleg sti som går til venstre. Her kjem du over elva på ei hengebru og etterkvart ned til Utigardsetra. Herfrå går stien ned på grusvegen som du kan følgje heilt ned til Flo krysset.


Gps spor: Skihella










1 kommentar:

  1. Hei,

    Jeg flyttet i Byrkjelo i november og jeg er enn ivrig biker. Jeg arrangerte i fjor Tromsø Enduro med Samuel Geiseler. Dessverre jeg kan ikke være med i Tromsø Enduro neste år fordi flytting. Men hvis noen har lyst til å vise stiene i Nordfjord området vi kunne kanskje arrangere Nordfjord enduro neste år??? Hvis det håres ut intressant bare sende email til meg! :) toke1980@gmail.com

    Juha Tolvanen

    SvarSlett