Mmmmmmmm.... Curnutt..... |
Med dette i bakhovudet og delar nok til ein halv sykkel liggande i boda dukka det opp ein plan no i haust. Stadig når ein prøver å lokke folk ut i skogen på sykkel er det utstyret som blir den største unnskyldninga. Sjølv om ein kan sykle sti med omtrent kva som helst blir terskelen for å ta grusraceren eller pubsykkelen ut i skogen ofte for høg. Ivrig som eg er etter å få fleire med ut i skogen har eg no tenkt å gi første dose gratis, på ein måte som gjer at ein berre må ha meir....
Derfor dukka denne opp i posten for eit par vekar sidan:
2006 Foes FXR, bunnsolid ramme, blir ikkje dette eit bra fix så veit ikkje eg... |
Sida hausten er her og stileitinga er satt på vent nokre månader kjem eg til å bruke bloggen til eit lite byggeprosjekt med tittelen: Gromsykkel til under ti lappar.
Specs og planar i neste post. Vi åpnar forsiktig med litt ekte amerikansk sykkelmjukporno....
Todelt krank, unødvendig å skremme bort nybegynnarar med høg utveksling... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar