Dette var kanskje ikkje den offisielle sesongstarten her i bygda men den første som blir festa til papiret.
Snøproblem lengre ut i fjorden gjorde at brørne Gimmestad tok turen innover på leit etter tørrare stiar. Slapp ikkje heilt unna glatta her heller men ein liten forsmak på tida som kjem fekk vi.
| Sola gjorde til og med ein liten opptreden |
| Tunga rett i kjeften... |
Turen gjekk først frå Hogane ned til Sandbakk, lengre oppe var det i glattaste laget. Trilla vidare opp stien frå Vik til Vinsrygg, nedatt same veg.
| På veg ned frå Vinsrygg, eit område med eit par fine rutevalg ned igjen. stort sett barnålsti. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar