Spekulering |
Turen opp frå Dimma til Åsebøvatnet gjekk på tørt fjell, smalsti, og frosne myrer ispedd eit og anna isparti.
Særs triveleg sykling oppover, ikkje det vi har mest av på Vestlandet
Ein kvil i sola |
Ned igjen frå Åsebøvatnet til støylane er det akkurat nok helling til å sette den farta ein sjølv vil, iallefall om føtene og lungene heng med.
Det som skil denne turen frå mange andre på Vestlandet er eit ganske beskjedent antal høgdemeter kombinert med eit bra antal kilometer. Å kalle det Austlandsterreng er kanskje å ta i, men turen er nok den i området som liknar mest på stisykling av den sorten ein finn på andre sida av fjellet.
Men det skal seiast det går stort sett nedover heile vegen.....
Lunsjpause |
Ny og oppdatert Strava logg finn du på Stiguide Sandane avslutninga er enda hakket betre enn i den gamle stiguiden.
Her kan du og laste ned GPX fil om du vil.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar