torsdag 13. desember 2012

Stemningsrapport Sandane

Ivrige Sandensarar utnytta barfrosten på ypperleg vis midt i veka. Dimmastien er eit godt val på denne tida av året. Pål Kristian kunne melde om glimrande føre, noko issvullar på utsette plassar men det er berre ei fin utfordring... 

Ruta finn du her: Rute 2, Dimma - Vereide

Pål Kristian "Nissen" Gimmestad

Veit det går fort når du bles trea overende

Fjordgløtt, på veg ned mot Vereide

mandag 26. november 2012

Men sykkelsesongen var ikkje over...

Kong vinter er forsinka, på Vestlandet tyder det stort sett regn og labre sykkelforhold. Denne veka ser det derimot ut som om veret slett ikkje blir ille...

Yr leverer forhåpentlegvis....

Dagens tur gjekk frå skisenteret og ned til sentrum, tørrare enn på lenge. Mykje blaute sva i nedre del gjer at den kan bli spanande når temperaturen kryp under null, heldigvis har vi meir å ta av.... :)

Stemningsbilde frå trammen.

tirsdag 20. november 2012

Første dose er gratis....

Mmmmmmmm.... Curnutt.....
Ein vanleg framgangsmåte for å sikre seg nye kundar i meir belasta miljø er å gje bort dei første dosane gratis. Enten det er på plata, i Nygårdsparken eller på skidemo under gromhelga her i Stryn viser dette seg å vere ein framgangsmåte som sikrar nye kundar om og om igjen.

mandag 10. september 2012

Haust og ny sti....

Veret og kvardagen har i redusert tida på sykkelen i det siste men nokre stiar har eg klart å logge. Først og fremst stiar som er kjende for oss Stryningar men som kan vere vanskelege å finne for dei som ikkje er kjende. 

Nokre overraskingar ligg og på lur sjølv om ein har sykla i området i lengre tid. På ein kveldstur for eit par veke sida fann eg ut at eg skulle teste ein ny sti som eg har sett på lenge. Denne går frå Tverrfjellet og følgjer ein svarygg rett ned mot lysløypa, parallelt med barkeløypa mellom Hydla og Tverrfjellet. Den er ikkje lang men går på berg omtrent heile vegen, dette gjer den til eit fint substitutt for stien mellom Tonningsetra og Hydla som er øydelagt for augeblikket.

Den er og ein del av ein sti eg har vald å kalle Vestsida Enduro, ei rute med mykje nedover men som og har eit par tre parti med jobbing i motbakke og flatare terreng. Ei ypperleg enduroløype altså...

Eg har og logga ei rute nærmare sentrum(Sentrumsruta) som er godt egna no når dagane blir kortare og det er på tide å finne fram hovudlykta. 

Begge disse rutane finn du her: Stiguide Stryn

fredag 3. august 2012

Ny sti på Sandane

Har lagt til ein ny sti i "Stiguide for Sandane". Turen er sydd saman Pål kristian Gimmestad og består av stiane som går mellom dei mange støylane på nordsida av fjorden. Dette er ein super stitur som inneheld alt frå sugande klatringar og oppovercruxing til flytsti og skummelt bratte nedovercrux.


This one goes to 11! 


Støylsrunden

torsdag 26. juli 2012

Førstenedkjøring?

Etter å ha jobba på Storesunde skule i tre år var det på tide å gjere seg kjent i nærområdet. Skihella er ein mykje brukt tur for dei som bur i området, om dei har tenkt på å sykle der før er vel heller tvilsamt.... Dårleg kvalitet på bileta skyldast utstyret(telefon), ikkje fotografen.

Delar av stien var ikkje så aller verst.

tirsdag 24. juli 2012

Gryta, effektiv topptur i Stryn


Første del frå toppen er flat, det går fort over. Bilete frå ein tidlegare tur.

Løftar du blikket og ser mot nord når du står i Stryn sentrum ser du sannsynlegvis opp på Gryta. Toppen kan nok reknast som Stryn sitt byfjell. Med plasseringa så nært sentrum er det ein populær topp å ta turen til. Dette gjer at stien opp er godt egna og for oss syklistar.