Har eit ønske om å gjere det lettare å finne fram både på stiane og i bloggen. Har i det siste lagt ut mange av stiane i området på trailguide.no. har no såvidt begynt å oppdatere stiguidane her og. Alle nye stiar vil bli lagt inn her med link til trailguide.no
Stiguide Stryn er først ute.
Mellom kjende og mykje omtalte sykkeldestinasjonar som Fjørå og Sogndal ligg Nordfjord. Med denne bloggen vil eg vise stisyklistar i Noreg sjølve indrefileten her på Nordvestlandet.
tirsdag 2. juni 2015
tirsdag 21. april 2015
4 plass: Scottish Mountainbike Conference 2014
Eg er så heldig å få jobbe litt med den aktiviteten eg likar best. Gjennom Terrengsykkelprosjektet i Nordfjord fekk eg i haust moglegheiten til å delta på Scottish Mountainbike Conference 2014. Ei lita oppsummering frå denne konferansen finn du her:
Artikkel Scottish Mountainbike Conference
Mykje tekst men noko matnyttig kan det vere for dei som interesserer seg kva som skal skje vidare med terrengsykling i Norge.
Å få sykle rundt i Glentress med Hans Rey var heller ikkje feil.....

onsdag 11. februar 2015
Forsinka oppsummering av 2014.....
Årskavalkadar kjem gjerne like før jul eller like etter nyttår så dette er nok litt seint. Her er uansett mi topp 5 liste for 2014. Eit begivenhetsrikt år på sykkelfronten. Vi startar med 5 plassen.
tirsdag 3. juni 2014
Stivettreglane, til for å brukast....
NOTS (Norsk organisasjon for terrengsykling ) har laga stivettreglar for oss syklistar, formålet er å oppmode til fornuftig bruk av ein felles ressurs, utmarka vår. Vi er heldige i Norge som har allemannsretten og ei friluftslov som ikkje legg band på aktivtet i fjell og skog. Desse er prisgitt at alle brukarar er istand til å oppføre seg i henhold til den og ta vare på dette privilegiet.
Nye brukarar i naturen vil skape konflikter, eksempla på dette er mange. Alt frå surfarar og kitarar til terrengsyklistar opplever at deira aktivitet blir møtt med skepsis. Denne skepsisen er det berre vi som utøvarar av aktivitetane som kan gjere til skamme, eller gjere oss fortjent til........
Les stivettreglane under og gjer det du kan for å dele desse med andre.
Det å ha flotte stier å sykle på er ikke en rettighet, men et privilegium. NOTS ønsker at du tenker over hvordan du kan ta vare på stiene du ferdes langs, slik at stiene kan være til glede for alle, år etter år.
Husk også at du deler stiene med ikke-syklister. NOTS oppfordrer deg til også å tenke etter hva du kan gjøre for at de du møter på din veg skal oppleve terrengsykling som et positivt innslag i friluftslivet.
I denne sammenheng foreslår NOTS følgende retningslinjer for sti-vett:
1. Vær omtenksom og hyggelig i møte med turgåere.
2. Du har alltid vikeplikt for fotgjengere.
3. Begrens farten slik at du ikke er til fare eller ulempe for andre, særlig langs veier og stier som innbyr til høy hastighet, eller i uoversiktlige partier.

Stivettreglene

4. Brems ned til gangfart i god tid før du passerer andre på en smal sti.
5. Ikke lag nye spor. Dersom du ikke har ferdigheter til å forsere en hindring, gå av sykkelen.
6. Unngå å sykle på spesielt sårbare stier like etter perioder med mye nedbør.
7. Ikke lag stien bredere ved å sykle utenom vanndammer eller hindringer.
8. Bær sykkelen gjennom myrområder slik at det ikke dannes dype spor.
9. Ikke lås bakhjulet i bratte nedoverbakker.
10. Dersom to syklister møtes i en bakke, har den som sykler oppover forkjørsrett.

I tillegg har eg laga nokre egne "satt på spissen" reglar:
torsdag 29. mai 2014
Oppdatert GPS spor og rutebeskriving Holvatnet
Mange henvendingar angåande stiar i Stryn i det siste, Holvatnet - Sentrum er den som skil seg ut og den eg oftast sender folk til. Såg behov for nokre rettingar og litt betre beskriving av ruta. Tok turen idag og logga nytt GPS spor. No har eg skikkeleg GPS så da skal det bli meir nøyaktig og enklare på følge ruta. Klikk på linken: GPS Spor Holvatnet og eksporter til din egen GPS. Fungerar muligens på smartphones og.......
| Robin Berglid får luft under hjula..... |
tirsdag 15. april 2014
Alternativ påskeaktivitet
tirsdag 1. april 2014
The never-ending season....
For dei utan ein sykkel i boda har nok dette vore ein smått skuffande vinter. Eg høyrer sjølv til gruppa som gleder seg til ski og snø, men i år blei ikkje ting heilt som planlagt. Med unntak av nokre veker i november og eit par veker no i mars har sykkelføret vore betre enn skiføret her på Nord-Vestlandet.
| Dagens tur, faktisk ein av dei mest snørike i år..... |
Men for eit sykkelføre! Aldri har vel stiane på denne sida av fjellet vore tørrare enn i vinter. Vanlegvis er barfrosten etterlengta kvar haust som eit avbrekk frå regnbyger og mudfest på stiane. I år fikk vi ikkje behov for den ein gong. Knusktørt og temperaturar på rett side av null, for oss syklistar iallefall, har gjort denne vinteren til tidenes sykkelvinter. Rapportane om Strava banking og nye KOMs har dukka opp like tett som dei vanlegvis gjer midt på sommaren.
Kanskje er til og med grunnlaget såpass at ein kan lure seg med på ein liten konkurranse denne sommaren...... http://80twentyenduro.wordpress.com/
| Selfie.... |
Det ligg i lufta at det blir ein stor sykkelsesong i Nordfjord. Nye stiar skal oppdagast og mykje nytt folk skal bli kjende med dei vi allerede har oppdaga.
Meir om det i neste post......
lørdag 26. oktober 2013
Folven sykkelfestival 2013
Skal ein få oppmerksomheit og folk til bygda for å sykle er det ikkje noko som fungerer så godt som ein liten festival. Terrengsykkelforumet si første "Utflukt" i 2002 satte Skeikampen på kartet som ein av dei betre plassane for høgfjellsykling. Fjørå stisykkelcamp har gjort Sunnmøre synonymt med bratt teknisk topptursykling av ypperste klasse. Felles for begge desse og fleire andre arrangement er at dei starta i det små. Vi var 30-40 deltakarar første året utflukt vart arrangert, idag er det betydeleg større....
I haust inntok 40 sti og utforsyklistar Folven for å få ein smak av kva vi kan tilby i Stryn. Eg trur arrangørane traff blink.
| Topplatået på Gryta. |
onsdag 23. oktober 2013
Barfrost-tur på Sandane
tirsdag 21. mai 2013
OBS varsel Stryn, alternativ sti Skisenteret - Vik
Pågrunn av vatnkraftutbygging mellom Tonningsetra og Vik er delar av den klassiske skisenterstien mellombels øydelagd. Eg tenkte det var på sin plass å minne om alternativa, som forøvrig ikkje står noko tilbake for originalen.....
Frå Tonningsetra kan ein sjølvsagt køyre grusveg ned til skisenteret, alternativt er Vestsida Enduro eit fint substitutt. Den finn du her: Stiguide Stryn
Vil du ha ein kortare tur har eg logga eit alternativ som tar ein rundt problemområdet nedanfor Hydla, og som gjer at du går glipp av minst mogleg moro. Stien startar i svingen nedanfor skisenteret og er enkel å finne, GPS spor finn du her
mandag 6. mai 2013
Sesongstart..
Dette var kanskje ikkje den offisielle sesongstarten her i bygda men den første som blir festa til papiret.
Snøproblem lengre ut i fjorden gjorde at brørne Gimmestad tok turen innover på leit etter tørrare stiar. Slapp ikkje heilt unna glatta her heller men ein liten forsmak på tida som kjem fekk vi.
| Sola gjorde til og med ein liten opptreden |
torsdag 13. desember 2012
Stemningsrapport Sandane
Ivrige Sandensarar utnytta barfrosten på ypperleg vis midt i veka. Dimmastien er eit godt val på denne tida av året. Pål Kristian kunne melde om glimrande føre, noko issvullar på utsette plassar men det er berre ei fin utfordring...
Ruta finn du her: Rute 2, Dimma - Vereide
Ruta finn du her: Rute 2, Dimma - Vereide
![]() |
| Pål Kristian "Nissen" Gimmestad |
![]() |
| Veit det går fort når du bles trea overende |
![]() |
| Fjordgløtt, på veg ned mot Vereide |
mandag 26. november 2012
Men sykkelsesongen var ikkje over...
Kong vinter er forsinka, på Vestlandet tyder det stort sett regn og labre sykkelforhold. Denne veka ser det derimot ut som om veret slett ikkje blir ille...
Yr leverer forhåpentlegvis....
Dagens tur gjekk frå skisenteret og ned til sentrum, tørrare enn på lenge. Mykje blaute sva i nedre del gjer at den kan bli spanande når temperaturen kryp under null, heldigvis har vi meir å ta av.... :)

| Stemningsbilde frå trammen. |
tirsdag 20. november 2012
Første dose er gratis....
| Mmmmmmmm.... Curnutt..... |
mandag 10. september 2012
Haust og ny sti....
Veret og kvardagen har i redusert tida på sykkelen i det siste men nokre stiar har eg klart å logge. Først og fremst stiar som er kjende for oss Stryningar men som kan vere vanskelege å finne for dei som ikkje er kjende.
Nokre overraskingar ligg og på lur sjølv om ein har sykla i området i lengre tid. På ein kveldstur for eit par veke sida fann eg ut at eg skulle teste ein ny sti som eg har sett på lenge. Denne går frå Tverrfjellet og følgjer ein svarygg rett ned mot lysløypa, parallelt med barkeløypa mellom Hydla og Tverrfjellet. Den er ikkje lang men går på berg omtrent heile vegen, dette gjer den til eit fint substitutt for stien mellom Tonningsetra og Hydla som er øydelagt for augeblikket.
Den er og ein del av ein sti eg har vald å kalle Vestsida Enduro, ei rute med mykje nedover men som og har eit par tre parti med jobbing i motbakke og flatare terreng. Ei ypperleg enduroløype altså...
Eg har og logga ei rute nærmare sentrum(Sentrumsruta) som er godt egna no når dagane blir kortare og det er på tide å finne fram hovudlykta.
Begge disse rutane finn du her: Stiguide Stryn

fredag 3. august 2012
Ny sti på Sandane
Har lagt til ein ny sti i "Stiguide for Sandane". Turen er sydd saman Pål kristian Gimmestad og består av stiane som går mellom dei mange støylane på nordsida av fjorden. Dette er ein super stitur som inneheld alt frå sugande klatringar og oppovercruxing til flytsti og skummelt bratte nedovercrux.
This one goes to 11!
Støylsrunden
This one goes to 11!
Støylsrunden
torsdag 26. juli 2012
Førstenedkjøring?
Etter å ha jobba på Storesunde skule i tre år var det på tide å gjere seg kjent i nærområdet. Skihella er ein mykje brukt tur for dei som bur i området, om dei har tenkt på å sykle der før er vel heller tvilsamt.... Dårleg kvalitet på bileta skyldast utstyret(telefon), ikkje fotografen.
![]() |
| Delar av stien var ikkje så aller verst. |
tirsdag 24. juli 2012
Gryta, effektiv topptur i Stryn
| Første del frå toppen er flat, det går fort over. Bilete frå ein tidlegare tur. |
Løftar du blikket og ser mot nord når du står i Stryn sentrum ser du sannsynlegvis opp på Gryta. Toppen kan nok reknast som Stryn sitt byfjell. Med plasseringa så nært sentrum er det ein populær topp å ta turen til. Dette gjer at stien opp er godt egna og for oss syklistar.
fredag 20. juli 2012
Sandane stibonanza! Tysdagsturen.
Denne dagen gjekk turen lenger ut mot Anda. På Vereide ligg Nordfjord folkehøgskule kanskje betre kjent som friluftslivsskulen. Etter Dagmar som herja nordvestlandet i romjula tok dei ansvar og rydda det som kanskje er den mest komplette stituren i området.
torsdag 12. juli 2012
Sandane stibonanza! Måndagsturen.
Sjølv om vermeldingane ikkje var berre positive blei måndag og tysdag satt av til mange kilometer sti på Sandane. Til vestlandet å vere er terrenget, særleg på nordsida av fjorden, overraskande flatt. Dette gir moglegheiten for lengre turar med mykje god stisykling.
Abonner på:
Innlegg (Atom)